(+47) 950 29 819
Song og tradisjon står sentralt i livet til Inger Lise Stulien, og med nynorsk og dialekt formidlar ho tekst og melodi med nærleik og varme som rører. Gjennom si sterke tilknyting til språk og kultur, skapar ho ei ekte og inderleg oppleving for lyttaren med songen som ber tradisjonen vidare.
Det musikalske landskapet hennar er innan folkevise-pop – ein sjangar der ho flettar inn element frå country, roots og tradisjonell folkemusikk. Inger Lise skriv dei fleste tekstene sjølv, og står også bak fleire av melodiane. Resultatet er eit personleg og ekte uttrykk, der både livs-glede og sorg får plass.
Songane hennar spenner frå lettstemde og lyse tonar til melankolske og vakre kjærleikssongar. Andre songar har tema som lengt og sakn, men alltid med ei varm undertone av takksemd og håp. Musikken speglar dei kontrastane vi alle ber med oss – det gode og det såre, det levde livet.
Den nyaste singelen, «Stars of Gold», er eit sterkt døme på dette. Songen er skriven til ei ukrainsk kvinne som kom til Noreg som flyktning – eit venskap som har gjort djupt inntrykk på Inger Lise. Trass i eit trist bakteppe, er dette ein solskinnshistorie om håp og ekte menneskemøte. Singelen er innspela i Nashville med produsent Tim Lauer, og Inger Lise har komponert denne saman med dei anerkjende låtskrivarane i USA; Angela og Tim Lauer.
Med si unike stemme og sterke formidlingsevne, held Inger Lise Stulien fram med å berøre og begeistre – og å lyfte fram det vakre i både tradisjon og samtid.
Minidokumentar om historia bak songen; "Stars of gold".
Klikk på skiva for å høyra på albumet på Spotify
Hausten 2019 pakka Inger Lise kofferten, og fylgde ein mangeårig draum om å reise til countrymusikkens vogge, for å spele inn ny musikk - 23 år etter at ho sist var der. Forrige gong ho var innom Nashville var då ho reiste til USA med PTA band og opptrådte på Norsk haustfestival i Minot, Nord Dakota. Denne gongen hadde ho med seg nyskrivne songar på engelsk, og Jeff Taylor var produsent. Vèl tilbake frå Amerika kom pandemien og alt av konsertar vart avlyst. «Nashville» plata blei Agders høgaste plateslepp, på fjelltoppen i Setesdal, Sæbyggjenuten 1507 moh, og med NRK TV bak på sleden, som laga reportasje om dette til Norge Rundt.
Inger Lise Stulien har gjennom karrieren sin samarbeidd med ei imponerande rekke artistar frå heile Noreg. Dette kjem tydeleg fram på duettplata Samklang, der ho har med seg ei rekkje kjende og kjære stemmar frå norsk musikkliv. Blant duettpartnarane finn vi namn som Kirsten Bråten Berg, Thom Hell, Olav Stedje, Sondre Bratland, Trygve Skaug, Kim Rysstad, Martin Wikstøl, Tonje Haugland, Rolf Lislevand, Dag Erik Oksvold, Stein Roger Sordal, Jan Engervik, Annbjørg Lien, Fjellfolk, Norwegian Gospel Singers og Tom Jarle Istad Kristiansen.
Eit spesielt høgdepunkt på plata er songen «Minnebok», ein hyllest til barndommen og oppveksten hennar. Her medverkar faren Arthur Stulien med ein trekkspelsolo – den siste han spelte inn før han gjekk bort, 91 år gamal. Alle dei åtte syskena syng saman med Inger Lise på denne låta, og musikkvideoen til «Minnebok» er ei rørande og vakker familieforteljing.
I 2023 gav ho ut ein ny duett saman med sin nevø, Arthur Stulien – oppkalla etter Inger Lise sin far. Med denne utgjevinga bind ho saman generasjonar og held musikkarven levande.
Inger Lise er igjen aktuell med ny musikk innspela i Nashville sommaren 2025. Singelen «Stars of Gold» er ein varm og melodisk country-pop-låt, produsert i samarbeid med eit stjernelag av musikarar i studio . I tillegg spela ho inn Watching the Snow – ein tradisjonell countrylåt og coverversjon av Tore Andersen, som ein hyllest til han ti år etter han sin bortgang. Inger Lise håpar at hennar versjon kan vere ei verdig og personleg tolking av ein kjær, norsk countryartist.
Under pandemien måtte Inger Lise, som mange andre kulturutøvarar, tenkje nytt og alternativt. Ho etablerte Setesdal Kulturnè og Jol på Syrtveit – to arrangement der ho inviterer publikum heim til gards for konsert, kringle, kaffi og kunstutstilling. Prosjekta vart utvikla i samarbeid med turoperatøren Risdal Touring, og har blitt populære møteplassar for både lokalbefolkning og tilreisande.
Jol på Syrtveit med jolemarknad har no gått over til nye konsept i andre format der familien hennar er sterkt involvert. Saman med mannen hennar og deira tre born som og er kulturberarar, er dei djupt engasjert i den lokale kulturtradisjonen. Folkemusikken i Setesdal, ein levande verdsarv, kom på UNESCO si representative liste for immatriell kulturarv i 2019. På garden formidlar dei alle dei fire elementa: kveding av stev, hardingfele-og munnharpespel og gangardans.
Sjå dei på YouTube
Inger Lise Stulien kjem frå bygda Byremo i Agder, men bur i Nedre Setesdal, der ho kombinerer læraryrket med eit aktivt musikkliv. Ho er utdanna adjunkt med opprykk, med fire år allmennlærarutdanning og fire årsstudium frå Universitetet i Agder. Gjennom sitt virke har ho vore ein sterk formidlar av norsk språk og kultur, både i klasserommet og på scena.
For sitt engasjement og innsats for den nynorske songkulturen vart ho tildelt Målblomen av Noregs Mållag – ei utmerking som lyftar fram hennar arbeid med å styrke og synleggjere nynorsk i musikken.
Inger Lise har gjennom fleire år arrangert song- og bokkveldar, og vitja skular og barnehagar i Agder med fokus på dei norske songskattane. Med dei årlege Dommelideikonsertane reiser ho rundt til alle skular og barnehagar i Setesdal, der ho formidlar bånsullar, stev, stubbar, viser og songleikar. Dette er viktig kulturformidling for born og unge – ei levande vidareføring av tradisjon, der nynorsken får skinne i ord og toner.
Songen har alltid vore ein naturleg del av livet til Inger Lise Stulien. Allereie som fireåring song ho på Sørlandssendinga, NRK, og sidan har musikken vore med henne gjennom heile livsreisa. Som yngst i ein syskenflokk på åtte, vaks ho opp i ein musikkglad familie der faren spelte trekkspel og ho og syskena opptrådte på lokale tilstellingar i oppveksten.
Allereie som 14-åring tok ho eit modig steg inn i musikkverda då ho banka på døra til Cross lydstudio hos Alf Emil Eik. Med konfirmasjonspengane som innsats spelte ho inn sin fyrste singelkassett, og med songen «From a distance», låg ho på toppen av Sørlandstoppen i fleire veker.
Sidan den gong har det blitt ni CD-utgjevingar, der sju er soloalbum, i tillegg til ei rekkje singlar. Fleire av songane har blitt A- og B-lista på norsk radio, og ho har markert seg som ein artist med både breidde og djubde.
Joleplatene hennar har fått særleg merksemd:
Ho har også laga musikkvideoar til fleire av jolesongane.
På albumet «Min vår» hadde ho med seg 200 born frå Evje og Hornnes som koristar på songar frå den norske songtradisjonen – eit prosjekt som lyfta fram lokal tilhøyrsle og samhald gjennom song.
Inger Lise har gjennomført ei rekkje kyrkjekonsertar med konseptet «Frå vogge til grav» – ei 10-punktsreise gjennom livet. Med denne serien har ho vitja alt frå Sørlandet til Svalbard og Kirkenes.
Ho har også samarbeidd med kjende artistar og turnert med fleire prosjekt:
I tillegg til å vere aktuell med konsertar rundt om i Sør-Noreg, har ho i fleire år samarbeidd med Facing a Child om sommarkonsertar, og vore solist på fleire nyttårskonsertar saman med Agder Symfoniorkester.
På garden heime har ho utvikla eit unikt kulturtilbod der ho skreddarsyr arrangement for ulike målgrupper. Her kan ein oppleve konsertar og kunstutstillingar. Ho inviterer på ei personleg opplevingsrik tunvandring på Syrtveit Gard. Song, dans, spel og handverkstradisjonar frå Setesdal blir presentert på gamle og nye måtar, og ho byr på ein smak av lokale mattradisjonar.
Ta gjerne kontakt om du ønskjer booking eller har andre spørsmål.